HeimNyheiterBrukarundersøking Landbrukskontoret

Brukarundersøking Landbrukskontoret

Foto: Morten Wanvik/ Hordaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune har hjelpt fagleg og teknisk i utarbeidinga, distribusjon og analyse av resultata frå ei elektronisk undersøking om landbrukskontora sine tenester. Undersøkinga er utført på oppdrag frå landbrukssjefane i Lindås og Meland kommune og dekkjer kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim og Modalen.
Publisert: 21.03.2019
Sist endra: 21.03.2019
  • Formålet med undersøkinga er å gjere seg kjent med brukarane sine vurderingar av sørvis og tenester, og å få innspel til utvikling av landbrukskontoret i nye Alver kommune.
  • Undersøkinga gjekk ut til 502 bønder med landbrukseigedom i Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim eller Modalen kommune. 246 svarte på heile eller delar av undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 49 %.

Kommunane er gruppert etter noverande organisering av landbrukstenester i kommunen:

  • Lindås
  • Meland og Modalen
  • Radøy, Austrheim og Fedje

Bakgrunn og metode

Resultata er vurdert ut frå kommune og aldersgruppe. Skilnader mellom kommunar og aldersgrupper blir berre kommentert på utvalde plassar.             

Bakgrunnsinformasjon og framtidsplanar

Alder

  • Om lag halvparten av respondentane er mellom 41 og 60 år
  • Det er liten skilnad i aldersfordelinga mellom kommunane

Driftssituasjon

  • Det er klart flest som driv med småfe (73%). 83% av respondentane mottar løn utanom bruket, og har i snitt 2-3 personar involvert i drifta på garden.

Resultat

Her er nokre av spørsmåla og resultat frå undersøkinga som gjeld Meland og Modalen. (Trykk på diagrammet for større versjon).

  • Behandlinga du får er? (figur 10c)

  •  Sørvisen du får er? (figur 11c)

  • Rettleiing i søknadsprosessen er? (figur 15c)

Her kan du lese heile brukarundersøkinga.