HeimNyheiterBreibandsutbygging Meland kommune – Tildeling av kontrakter

Breibandsutbygging Meland kommune – Tildeling av kontrakter

Meland kommune har no evaluert og sendt ut informasjon om tildeling av kontrakter om breibandsutbygging i kommunen.
Publisert: 02.05.2019
Sist endra: 02.05.2019

Kommunen fekk inn tilbod frå tre leverandørar: Bergen Fiber, NettStar og Telenor.

Følgjande område vert no tildelt:
Nummer Namn Teknologi Leverandør
1 Landsvik - Skjelanger Fiber Bergen fiber
2 Espetveit - Ådland Fiber NettStar
3 Io Fiber Bergen fiber
4 Håtuft - Grasdal Fiber Bergen fiber
5 Fosse Fiber Bergen fiber
6 Eikeland Fiber Bergen fiber
7 Erstad - Bjørnestad Fiber Bergen fiber
Opsjon Sjurdalen Fiber NettStar

Klagefrist for tildelinga er sett til 13. mai klokka 12.00.

Meland kommune er særs nøgd med at vi med denne utbygginga vil få tilnærma 100% fiberdekning i kommunen. Utbygging av breiband har vore ei prioritert oppgåve politisk, og utbygginga vil bli gjennomført med kommunal medfinansiering. Gjennomføring av breibandsutbygginga vil pågå i perioden 2019-2020.

Kart over områda

Om Dalstø

Dalstø var ikkje ein del av anbodet ettersom Bergen fiber skulle bygge ut område kommersielt. Meland kommune har no fått melding om at den kommersielle utbygginga likevel ikkje let seg gjere. Kommunen vil no sjå på kva vi kan gjere for å få bygd ut Dalstø også, og vi vil kome tilbake med meir informasjon før sumaren.