HeimNyheiterBetre resultat enn budsjettert i 2018

Betre resultat enn budsjettert i 2018

Rekneskap 2018 for Meland kommune er no på det næraste klart.
Publisert: 20.02.2019
Sist endra: 12.03.2019

Vi har eit positivt netto driftsresultat på om lag kroner 4,8 millionar, som er kroner 7,4 millionar betre enn budsjettert (revidert budsjett viser netto driftsresultat på minus kroner 2,6 millionar)

Som for mange andre kommunar skuldast dette i hovudsak høgare skatteinntekter enn budsjettert. Vi har høgare overføringsinntekter (mellom annan til flyktningtenesta) enn budsjettert, noko som og har positiv resultateffekt.

Netto finansutgifter (eksterne finanstransaksjonar) er om lag kroner 2 millionar lågare enn budsjettert.

For 2018 budsjetterte Meland kommune med kroner 6,6 millionar i bruk av disposisjonsfond, men som følgje av dei økte inntektene er det i rekneskapen bokført slik bruk av fond med kroner 4,2 millionar, som er kroner 2,4 millionar betre enn budsjettert.

Nærare informasjon om rekneskapen og forklaring til resultatet kjem i samband med at kommunen legg fram rekneskapen og årsmelding til politisk behandling i april/mai.

Rådmann Martin Kulild vil spesielt peike på at kommunens driftsutgifter er i tråd med samla budsjett. Og seier vidare: Vi har lagt bak oss eit krevjande år med store driftsmessige og økonomiske utfordringar, og eg vil takke alle tilsette for deira medverknad til det gode resultatet. Spesielt vi eg trekke frem engasjementet rund auka nærvær, som har bidrege til 13% lågare sjukefråvær i 2018 (fråværet er redusert frå 9,1% til 7,9%). Held vi fram med det gode arbeidet, vil vi være godt budd på overgangen til Alver kommune neste år.  

Ordførar Øyvind H. Oddekalv er glad for at kommunen kjem ut med eit langt betre resultat enn budsjettert. Her har poltikarane samarbeidd godt om økonomistyringa og vi må takke rådmannen og alle dei tilsette for godt arbeid, seier Oddekalv.

Rekneskapen er ikkje revidert og vi tek atterhald om revisjonshandsaminga.