HeimNyheiterAnbod på utbygging av breiband

Anbod på utbygging av breiband

Meland kommune har no lagt ut anbod på utbygging av breiband i kommunen på Doffin/TED.
Publisert: 25.01.2019
Sist endra: 25.01.2019

Anbodsfristen er sett til 11.03.19.

Følgjande område ligg inne i anbodet:

  • Landsvik - Skjelanger
  • Espetveit - Ådland
  • Io
  • Håtuft - Grasdal
  • Fosse
  • Eikeland
  • Erstad - Bjørnestad

Kart over områda:

Trykk her for større kart

Kommunen har fått tilskot til utbygginga av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, men vi fekk ikkje heile summen vi søkte om. Vi håper likevel å få bygd ut flest mogleg av områda, men vi veit ikkje sikkert om alle områda vert utbygd før tilboda kjem inn i mars.

I forkant av utlysninga fekk kommunen melding frå Bergen fiber om at Dalstø vil bli bygd ut kommersielt. Område er difor ikkje ein del av anbodet.