HjemNyheiter300 000 til gåstrategi i Alver

300 000 til gåstrategi i Alver

Alver kommune har fått 300 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune for å arbeide med ein plan som skal gjere det enklare å gå i Alver.
Publisert: 30.09.2021
Sist endra: 30.09.2021

- Me er stolte og glade for at me har fått dette tilskotet. Me fekk tidlegare 300 000 til sykkelstrategiarbeidet vårt og gåstrategien er ei vidare satsing på at me alle kan bruke sykkel og beina framfor bil i dagleglivet, seier tenesteleiar for plan og analyse, Kristin Nåmdal.

Dersom folk skal velle beina framfor bilen må det vere lett å bevege seg til fots i nærmiljøet.

- Fokus i strategien er å leggje til rette for nærturar, snarvegar, og samanheng mellom bustadmiljø, seier Nåmdal.

I gåstrategien skal det mellom anna lagast ei oversikt over snarvegane som allereie finst i tettstadane og bygdene i kommunen. I tillegg skal ein undersøke om det er tiltak som kan gjerast for å få fleire til å bruke dei og dermed gå heller enn å ta bilen.

Til dømes kan eit gjerde langs ein snarveg hindre mange frå å bruke den. Her kan ein finne gode løysingar som vil gjere slike vegar meir attraktive å bruke. 

På sikt er målet også å sette opp enkle skilt som skal synleggjere gåvegar som knyt saman ulike byggefelt og deler av bygder.

- Gåstrategien skal hjelpe oss å avklare kva tiltak me skal satse på for å få til meir gange i Alver, og definere ein visjon for gangutviklinga, avsluttar Nåmdal.