Vergemålslova - framtidsfullmakt - Velkommen til orienteringsmøte

Mandag 29. januar, kl. 18.00 vert det halde orienteringsmøte om temaet på Meland Eldresenter. Arrangørar er Meland eldreråd, Lindås pensjonistlag og Pensjonistforbundet Hordaland.

For nokre år sidan vart vergemålslova endra slik at overformynderiet vart flytta frå kommunane til Fylkesmennene. Vergemålslova har vore, og er framleis viktig når det gjeld situasjonen for eldre som ikkje er i stand til å administrera seg sjølv og sine eigne verdiar.

Det svært få veit om, er at ein sjølv kan gje fullmakt til den ein ynskjer skal styra økonomien og andre spørsmål som er viktige for vedkomande. Denne framtidsfullmakta må ein gje før legen har stadfesta at ein ikkje kan ta vare på seg sjølv og sine økonomiske verdiar. Dette vert eit hovudpunkt for samlinga.

Det vert også servert kaffi med noko attåt. Samlinga er gratis for deltakarane. 

Vi håpar mange kan ha interesse av å få med seg ei slik orientering. Spørsmålet kan bli aktuelt for mange av oss.

Vel møtt !

Med helsing
Ingvald Bastesen
tidlegare overformyndar

 

Web levert av CustomPublish