Vegstenging Holmeknappen

Meland kommune skal byggje nytt vass- og avlaupsanlegg frå Holme til Tveit. Om nokre veker skal også Statens vegvesen starte arbeidet med ny undergang for mjuke trafikkantar. Det er difor avgjerande at kommunen vert ferdig med nye leidningar opp til vegvesenet sitt graveområde.

Dei nye leidningane vert liggjande i vegen frå Holmeknappen. Gravinga startar tysdag 06.11.2018, og er berekna ferdig fredag 16.11.2018.

Omkøyring/ provisorisk gangveg er vist på kart her. Meland kommune håpar dette ikkje medfører for store vanskar.

 

Med venleg helsing
Harry Finseth
56 17 11 76
Prosjektleiar Meland kommune

Web levert av CustomPublish