Varsel om oppstart av planarbeid med konsekvensutgreiing og høyring av planprogram for områdereguleringsplan av Langelandskogen og delar av Frekhaug nord

I medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-8 og § 12-9 vert det varsla oppstart av arbeid med områdeplan med konsekvensutgreiing for Langelandskogen og delar av Frekhaug nord; gnr./bnr. 24/4, 24/141 mfl. i Meland kommune.

Forslag til planprogram er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Planarbeidet skal utførast som eit offentleg-privat samarbeid mellom Meland kommune og Vest-land eiendom AS. Meland kommune er planmynde og Multiconsult Norge AS er plankonsulent. 

Foreslått planavgrensing er vist med stipla linje i kartet her. Området er 322 dekar stort.

Området ligg nord og nordvest for Frekhaug sentrum og strekk seg frå Sagstadvegen i sør til Fossesjøen i nord. Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutreiing etter forskrift om konsekvensutreiingar.

Føremålet med planen er å legge til rette for utvikling av Langelandskogen og delar av Frekhaug senter nord med følgjande føremål: ungdomskule/symjehall, omsorgsbustader, barnehage, bustader, næring/kontor og grøntstruktur. Kyrkje/kulturhus-føremål skal også vurderast. Langelandskogen, Lonena, Fossesjøen og Sagstad skal gjennom tilrettelegging i områdeplanen koplast saman og styrke området sin tettstadsidentitet.

Planprogrammet kan lesast her og på Multiconsult si nettside.

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
Kommentarar og merknadar til planarbeidet sendast skriftleg innan 30. januar 2018 til:

Multiconsult Norge AS, Seksjon for Areal og utredning, Nesttunbrekka 99, 5221 Nesttun
Att. Héctor Piña REF. 10200755-1, eller e-post: hepb@multiconsult.no

Web levert av CustomPublish