Varsel om oppstart av planarbeid, Fv. 564 Fløksand-Vikebø

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Meland kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Vi bed med dette om innspel til arbeidet.

Beskriving av prosjektet

Prosjektet er tilknytt Nordhordlandspakken, prosjektnummer 4A på lista over prioriterte prosjekt. Prosjektet omfattar omlegging og utbetring av eksisterande veg og bygging av gang- og sykkelveg over ei om lag fire kilometer lang strekning mellom Fløksand og Vikebø i Meland kommune. På grunn av dårlege grunnforhold over ca. 800 meter i søndre del av prosjektet ved Leiro, vil det bli opna for ny veg aust for eksisterande trasé bakom Eidshaugane. Resten av strekninga vil bli utbetra med gang- og sykkelveg.

Målet for prosjektet er å laga eit separat tilbod til gåande og syklande på strekningen, samt utbetra busshaldeplassar. Vidare skal vegen utbetrast slik at den får ein gjennomgåande standard på strekninga. Uoversiktlege kryss og avkøyrsler skal fjernast eller utbetrast.

Sjå kartvedlegg her.

Det er gjennomført grunnundersøkingar med tilhøyrande geoteknisk fagrapport, og utarbeida silingsrapport som grunnlag for planarbeidet. Rapportane er lagt ut på Statens vegvesen si nettside, og du kan finne dei her.


Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 4. juni 2018. Send det til Statens vegvesen skriftleg anten med vanleg post til:
Postboks 43, 6861 Leikanger, eller på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.
Innspel må merkast med plannamn eller saksnummer 16/51017.

Det vert invitert til folkemøte på Meland rådhus 24. mai 2018 kl. 18.00.


Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Eivind Kvarekvål på telefon: 220 73 000 eller e-post: eivind.kvarekval@vegvesen.no.         

 

Web levert av CustomPublish