Tildeling av Kulturstipend og Idrettsstipend 2018 for Meland kommune

Katarzyna Julia Leikvoll får Kulturstipendet på 30 000 kroner til prosjektet Grunnleggande komponering for begynnarar med piano som hovudinstrument og Runar Sudmann får Idrettsstipenet på 30 000 kroner for å delfinansiere nye motocrossyklar og nytt sikkerheitsutstyr.

Katarzyna Julia Leikvoll

Katarzyna Julia Leikvoll
Foto: privat

Katarzyna Julia Leikvoll får Kulturstipendet på 30 000 kroner til prosjektet Grunnleggande komponering for begynnarar med piano som hovudinstrument.

Leikvoll disputerte på doktorgradsavhandlinga «Lytt, skriv, spill. Om notelesingsferdigheter hos pianoelever på nybegynnernivå» våren 2017, og har sidan gitt ut det tredelte læreverket «Maurizio i Pianodalen» på Musikk-Husets Forlag.  Leikvoll har mellom anna forska på effektive noteopplæringsmetodar, barn sine kognitive og musikalske utvikling, samt gode læringsstrategiar. 

Leikvoll viser til at noteskrivinga som undervisingsaktivitet har vore nedprioritert, men på likt vis som skrivinga si rolle for lese- og språkferdigheiter, har noteskrivinga ein sentral del i barnas musikalske utvikling og forståing. 

Prosjektet som Leikvoll har fått stipend til, tek vidare den forskingsbaserte kunnskapen om pianoopplæring til lokale seminar og samlingar for barn og unge.  Her skal deltakarane, uavhengig av ferdigheitsnivå, komponere og skrive ned musikk.  Musikkinteresserte barn skal slik kunne oppleve at å skape musikalske tekstar går føre på ein liknande måte som å lage eigne setningar og språktekstar.  Det vil verte laga eit eige kompendium til samlingane, som kan nyttast vidare.  Leikvoll kombinerer sin høge kompetanse og sterke engasjement til eit prosjekt som vil vere til stor verdi og utvikling for lokalt kulturliv.

Leikvoll har mellom anna arbeidd som høgskulelektor ved UiS, universitetslektor og førsteamanuensis ved Griegakademiet, og som klaverpedagog ved Meland kulturskule. 

 

Runar Sudmann

Runar Sudmann
Foto: privat

Runar Sudmann får Idrettsstipenet på 30 000 kroner for å delfinansiere nye motocrossyklar og nytt sikkerheitsutstyr. Sudmann er medlem i Meland motorsportklubb, og har drive aktivt og målretta over fleire år med gode resultat på nasjonalt nivå, både med 125cc og 250cc.  Sudmann går på Norges toppidrettsgymnas og køyrar òg i nordisk og europeisk meisterskapssamanheng.  Han er inkluderande og opptatt av å dele av eigen kunnskap og erfaring, og Sudmann er ein inspirasjon for andre medlemmar i klubben. 

Det er store utgifter knytt til idretten, og stipendet skal vere til hjelp til vidare utvikling og aktivitet, til inspirasjon og nytte for idrettslivet i Meland. Meland idrettsråd har vore høyringsorgan for tildelinga.

 

Web levert av CustomPublish