USM ServiceVarsling

Meland kommune har tatt i bruk telefonvarsling til innbyggjarane. Via UMS ServiceVarsling  (levert av UMS – Unified Messaging Systems AS), sørgjer vass- og avløpsetaten for at du får beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vass- stans eller ved tilrådd koking av vatn. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som kun er registrert med fasttelefon.

Korleis verkar det?

I samband med vassavstengningar, lekkasjar, driftsavbrudd o.l. vil det gå ut ei melding om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnumre på eigedomar i det aktuelle området.

Når du tar telefonen får du melding om å taste 1 for høyre ei melding som er lese inn.

På slutten av meldinga blir du bedt om å taste:
1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga
0 - dersom du ønskjer å få meldinga lese opp igjen ein gong til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringje deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ei samanstilling av informasjon fra Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørene og informasjon fra GAB-registeret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottek dermed heller ikkje varsel.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du har høve til å kontrollere og endre di oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som berører fritidseigedom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgjevar, må du sjølv leggje denne til på den folkeregiseroppføringa di for å få varsling på hendingar på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer, noko som betyr at desse ikkje mottek varsling med dagens system. Du som har eit slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halde hemmeleg for alle andre.

Vert også bedrifter varsla?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og ein rår difor bedrifter til å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidarekobling er difor lite eigna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom di bedrift er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vere sikker på at bedriften mottek eventuell varsling.

Varslingssystemet er meint som ei sikkerhet for di bedrift, verksemd eller institusjon.
Dersom vi skal kunne nå Dykk på ein rask og effektiv måte er vi avhengige av at riktig kontaktperson blir registrert her: http://cdm.ums.no

Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vannforsyning - Sårbare abonnentar

Meland kommune tek spesielle omsyn til såkalla "sårbare abonnentar" ved endring i vasskvalitet eller vassmengde. Det er spesielt låg terskel for å varsle denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrringar på vassleidningsnettet. Verksemder og organisasjonar med særskilt behov for varsling vert beden om å registrere adressa som "sårbar abonnent" i UMS sin portal for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta vert tilbydd til spesielt sårbare abonnentar som:

  • Alders- og sjukeheimar
  • Frisørar
  • Hotell
  • Lege/ medisinsk
  • Næringsmiddelindustrien
  • Renseri/ vaskeri
  • Restauranter/ serveringsstader
  • Skular/ barnehagar
  • Sjukehus
  • Tannlege/ tannhelsesenter

Dersom du høyrer heime i ei av desse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre årsaker, kan du setje adressa di som sårbar abonnent her: http://cdm.ums.no

Sjå også artikkelen "Telefonvarsling" 

Web levert av CustomPublish