Spesialpedagogisk hjelp i barnehage

Meland kommune har eit ambulerande team som gjev spesialpedagogisk hjelp i barnehage, sett saman av 4 spesialpedagogar.

Vi reiser rundt i dei barnehagane i kommunen som har barn som treng ekstra oppfølging .

Vår primære oppgåve er å gje hjelp til barn som etter sakkunnig vurdering frå PPT og etter vedtak laga av barnehagefagleg rådgjevar, har rett på spesialundervisning knytt opp til §5,7 i Opplæringslova.

Barnehage/foreldre/helsesøster kan senda ei enkel tilmelding til styrka tilbod førskule for å få hjelp til å undersøkja eit barn utan at det er oppmeld til PPT.

Vårt arbeid går ut på følgjande:

  • Arbeid med barn individulet eller i grupper.
  • Veiledning av og samarbeid med barnehagepersonell og foreldre.
  • Testing/kartlegging av barn.
  • Rapportskriving.
  • Utforming av individuelle planar.
  • Utforming av pedagogisk verktøy og utstyr.

 

Ønskjer du informasjon om PPT ? Sjå lenkje her

Web levert av CustomPublish