Spesialpedagogisk hjelp 0-6 år
Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp om barnet ditt treng ekstra hjelp, støtte og rettleiing. Retten gjeld uavhengig av om barnet ditt går i barnehage eller ikkje.
Kva får du?
- Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
- Vi kan gi hjelpa enkeltvis eller i gruppe.
Krav til søkjar
Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kva seier lova?
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.
Slik søkjer du
- Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding.
- Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen.
- Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
- Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.