Søk barnehageplass innan 1. mars

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars. Alle må bruke dei elektroniske søknadsskjema våre.

Hugs å sende ny søknad sjølv om du står på venteliste!

Vi har 9 barnehagar i Meland, 1 er kommunal og 8 er private. Meland kommune gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

 

Krav til søkjar

Lovfesta rett til barnehageplass gjeld berre i hovudopptaket, og om du har søkt plass innan 1. mars.

Søkjer du plass i hovudopptaket må ønska oppstartsdato seinast vere:

  • 31. august 2018 viss barnet ditt fyller eitt år seinast i løpet av august
  • 30. september 2018 viss barnet fyller eitt år i september
  • 31. oktober 2018 viss barnet fyller eitt år i oktober
  • 30. november 2018 viss barnet fyller eitt år i november

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til mai/juni.
Det er mogeleg å søkje om barnehageplass utanom hovudopptaket.

 

Barn med prioritet

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende gyldig dokumentasjon til kommunen. Vi må ha dokumentasjonen innan søknadsfristen 1. mars.

Ta kontakt med barnehagefagleg rådgjevar Mette Marei Træland om du har behov for meir informasjon om denne ordninga.

 

Skal du flytte?

Barn har lovfesta rett til barnehageplass i kommunen der barnet bur. Alle kan søkje om barnehageplass i Meland , men barnet må ha bustadadresse i kommunen ved søknadsdato for å ha rett til plass. Flyttar du til ein annan stad i Meland  kan du behalde barnehageplassen du har, men du må sjølv søkje om ny barnehageplass dersom du ønskjer plass i en anna barnehage. Vi kan ikkje svare på når du kan forvente å få tilbod om ny barnehageplass.

 

Bytte barnehage

Du søkjer om barnehageplass i same skjema uavhengig av om du søkjer om barnehageplass for første gang, eller om du søkjer om å bytte barnehageplass. I starten på skjemaet vel du om du søkjer endring eller ny plass og kva barnehagar du søkjer.

 

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2018 er den nasjonale satsen for foreldrebetaling sett til kr. 2.910,- per månad.

Du kan få redusert pris dersom:

  • Du har fleire barn i barnehagen
  • Du som forelder har låg inntekt

 

Slik søkjer du

Før du søkjer:

  • Pass på at du vel det rette elektronisk e-skjemaet
  • Leit fram personnummeret til begge foreldre og barnet ditt, e-postadresse og mobilnummer. Du treng desse opplysningane for å kunne søkje.

Dokumentasjon og vedlegg til søknaden sender du til:
Meland kommune, Pb. 79, 5906 Frekhaug

 

Kva skjer vidare?

Når du sender inn søknaden, får du ei bekrefting på e-post. Tilbodet sender vi med vanleg post til adressa du har gitt oss i søknaden.

I hovudopptaket får barn med rett til plass tilbod seinast den månaden barnet blir eitt år. Barn som ikkje har rett til plass får tilbod om plass når det er ledig plass i ein av barnehagane du har søkt. Vi kan ikkje på førehand seie kor lang tid det vil ta, det er avhengig av kva plassering barnet har på søkjarlista og når det blir ledige plasser i riktig aldersgruppe i dei aktuelle barnehagane.

 

Meir informasjon om barnehagane, samt søknadsskjema finn du her.

 

 

Web levert av CustomPublish