Blåklokker

Skular, SFO, PPT, Vaksenopplæring

Meland kommune har 5 grunnskular med for tida om lag 1071 elevar. Meland har hatt eit målretta arbeid innan skulesektoren.

 

Grunnskulane i Meland kommune:

Ta kontakt med resepsjonen, tlf. nr. 56 17 10 00 om du lurer på kva skulekrins barnet ditt soknar til.

Informasjon om skulestart

Skulane sender kvar vår brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, førskuledagar og skulestart i 1. klasse. Om du t.d har flytta eller av andre årsaker ikkje har fått tilsendt brev, ta kontakt med skulen. 

Nye reglar om elevane sitt skulemiljø

SFO

Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1.-4. klasse og barn med funksjonshemming frå 1.-7. klasse. Føresette får informasjon om SFO-tilbodet til skulen gjennom innskriving av førsteklassingen.

PPT

Meland PPT 

Vaksenopplæring

Vaksenopplæring i Meland

Ungdomstrinn i utvikling

«Ungdomstrinn i utvikling» (UIU) er ein nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Hovudmålet er å gjere undervisninga på ungdomstinnet meir praktisk, variert og relevant. Meland kommune med sine to ungdomsskular deltek i pulje 2 med start hausten 2014. Les meir

SMISO - Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland

SMISO er eit senter for ungdom, menn og kvinner som har opplevd seksuelle overgrep. Senteret har også tilbod til pårørande. SMISO Hordaland tilbyr hjelp til sjølvhjelp og gir råd og rettleiing. SMISO Hordaland er ein privat stiftelse som vert drive med offentlege midlar og gir tilbod til alle kommunar i Hordaland. 

Årleg gjennomfører SMISO Hordaland førebyggjande undervising om incest og seksuelle overgrep på 6. trinnet på alle skulane i Meland. Dette undervisningsopplegget er eit ledd i senteret sitt førebyggjande arbeid. Mål med undervisninga er å bidra til førebygging av  incest og seksuelle overgrep, og nå dei barna som har opplevd/opplever seksuelle overgrep.

Undervisninga vert gjennomført med fire tilsette frå SMISO Hordaland og med lærar eventuelt helsesøster og rektor er tilstade.

Ny nettstad om mobbing

På den nye nettstaden www.nullmobbing.no finn barn, unge og foreldre informasjon og råd om mobbing og deira rettar. 

Nullmobbing.no.jpg

 

Web levert av CustomPublish