Skogeigarar i Meland kommune

Vestskog har sendt ut informasjon om skogbruksplan til skogeigarane i Meland, Lindås og Radøy, for å undersøke om det er interesse for skogbruksplan/skogoversyn i område. Om det vert stor nok interesse kan ein starte opp med områdetakst i 2018/2019.

Skogbruksplan er eit viktig verktøy for forvaltninga av skogen. Den er spesielt viktig ved planlegging av hogst.

Det er viktig at du som skogeigar registera di interesse for ein framtidsretta skogbruksplan/ skogoversyn for din eigedom. Skogbruksplanen i lag med miljøplan for jordbruket vil vera den komplette dokumentasjon for din landbrukseigedom.

For å kunne starta opp med ein områdetaksten må minst halvpart av arealet/skogeigar tingast på, dette er kravet for at ein skal kunne nytta tilskotsmidlar ( 70 % ) til arbeidet.

Difor er det viktig at du tinga skogbruskplan i dag. Frist er 1. juni 2017 for å registrera di interesse for skogbruksplan. For det må vera 50 % oppslutnad for at ein kan starta opp arbeidet.

Husk at du kan nytta skogfond til kjøp av skogbruksplan.

For meir informasjon sjå infobrev frå Vestskog og brosjyre om skogbruksplan.

Du kan sjølvsagt ta kontakt med skogbrukssjef i din kommune eller Vestskog SA  tlf 56525330 – www.vestskog.no

Web levert av CustomPublish