Rossland barne- og ungdomsskule

Rossland skule ligg nord-vest i kommunen, om lag 15 minuttar å køyre frå Nordhordlandsbrua.

Skulen har 249 elevar fordelt på 1.- 10.trinn. Skulen har ein klasse på kvart av trinna frå 1. til 7. klasse, og to parallellar på ungdomstrinnet. Ungdomstrinnet rekrutterer elevar frå eige barnetrinn og frå Vestbygd skule. Vi har 27 lærarar tilsett i skulen, og 7 barne- og ungdomsarbeidarar i skule og sfo.

Rossland skule er, saman med dei andre skulane i kommunen, med i prosjektet «Betre læringsmiljø».

I prosjektet fokuserer vi på

  • Reglar og konsekvensar
  • Relasjonar
  • Klasseleiing
  • Læringstrykk

Prosjektet blir avslutta i 2014.

Alle skulane i Meland er med i antimobbeprogrammet ZERO. I programmet står nulltoleranse overfor mobbing sentralt.

Skulen har "Trivselsleiarar" som skal leggje organisere leik og aktivitetar i midttimen.

Web levert av CustomPublish