Reguleringsplan for Mjåtveitstø - Offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for drift og utvikling 25.04.2017, som sak 34/2017, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn. 

Planområdet er på om lag 18 daa og omfattar eit område vest for bustadområde Mjåtveitmarka. Planforslaget legg til rette for 16 nye bustadeiningar i form av rekkehus og leilegheitsbygg.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart, datert 25.08.2017
  2. Reguleringsføresegner, datert 18.08.2017
  3. Planskildring, datert 21.08.2017
  4. Illustrasjonsplan, datert 28.08.2017
  5. Terrengprofil, datert 31.03.2017
  6. VA-rammeplan, datert 06.01.2017
  7. VA-kart, datert 29.09.2016
  8. Merknadsskjema, datert 03.10.2016
  9. Planvedtak, datert 25.04.2017

Plandokument og planvedtak om offentleg ettersyn ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 29.08.2017. - 10.10.2017.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist.  For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema som ligg under høyringar og offentleg ettersyn på heimseida,  sende e-post til postmottak@meland.kommune.no eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug.  Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 10.10.2017.

Web levert av CustomPublish