Reguleringsplan for KV 1133 Myrvollane til Hestdal - offentleg ettersyn og høyring

I medhald av plan- og bygningslova § 12- 10 har Utval for drift og utvikling 4.9.2018, som sak 70/2018, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for bygging av nytt vassbehandlingsanlegg på Hestdal og for omlegging av Håtuftvegen i samband med framføring av VA-leidningar.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart del 1, datert 23.08.18
  2. Plankart del 2, datert 23.08.18
  3. Plankart del 3, datert 23.08.18
  4. Reguleringsføresegner, datert 14.09.18
  5. Planskildring, datert 18.09.18
  6. Teikningshefte, datert 09.08.18
  7. ROS-analyse, datert 22.08.18

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i avisa Nordhordland og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag, organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 19.09.2018. – 31.10.2018. 

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfrist. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema som ligg under høyringar og offentleg ettersyn på heimseida, sende e-post til postmottak@meland.kommune.no, eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

Merknadsfrist er sett til 31.10.2018.

Web levert av CustomPublish