Reguleringsendring Fossemyra Idrettsanlegg - offentleg ettersyn

I medhald av plan- og bygningslova §12-10 har Utval for drift og utvikling 20.06.2017, som sak 69/2017, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn. 

Føremålet med endringa er å omregulere del av idrettsanlegget på Fossemyra for å leggje til rette for bygging av ny idrettshall/fotballhall for IL Kvernbit. Området der hallen skal plasseras er det i dag ei ballbane. Denne må flyttast, samt at eit mindre bygg må rivast for at planen skal kunne realiserast.   

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart, sist revidert 29.05.2017
  2. Planskildring, datert 19.05.2017, sist revidert 15.06.2017
  3. Reguleringsføresegner, datert 26.03.1999, sist revidert 04.07.2017
  4. Terrengprofilar, datert 15.06.2017
  5. VA-rammeplan, datert 02.02.2017
  6. Merknadsskjema
  7. Kommentar til saksframlegg, naboer, datert 03.06.2017
  8. Svar på kommentar, datert 19.06.2017
  9. Planvedtak, datert 20.06.2017

Plandokument og planvedtak om offentleg ettersyn ligg også til gjennomsyn i resepsjonen på Rådhuset.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 07.07.2017 – 15.09.2017.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema som ligg under høyringar og offentleg ettersyn på heimesida, sende e- post til postmottak@meland.kommune.no, eller sende brev til Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug. Merknaden stilast til planavdelinga.

 

Web levert av CustomPublish