Registreringsplikt for å selje tobakk og tobakkssurrogat

Alle som sel tobakk og tobakkssurrogat, som for eksempel e-sigarettar, må registrere seg innan 31. desember 2017. Kun dei som er registrert i Tobakkssalsregisteret frå 01. januar 2018 kan lovleg selje tobakksvarer eller tobakkssurrogat.

Dette gjeld:

  • Verksemder som sel tobakksvarer og/eller tobakkssurrogat til forbrukar(detaljister) frå salsstader
  • Grossistar som sel tobakksvarer og tobakkssurrogat

Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salsstaden som er registreringspliktig. Personar som ikkje er knytta til enkeltpersonforetak kan ikkje registrera seg og selje tobakksvarer og tobakkssurrogat. Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verkssemda må være registrert i Enhetsregisteret.

Frist for registrering

Dei som allereie sel tobakksvarer og tobakkssurrogat må registrere seg i tobakksregisteret, innan 31. desember 2017. Etter dette må registrering skje seinast 14 dagar før sal startar, for å sikre at kommunen kan planlegge og føre tilsyn.

Her finn du meir informasjon om registreringsplikt og kor du kan registrere deg

 

Web levert av CustomPublish