Kveldssol

Organisasjonen Meland kommune

Meland kommune er organisert etter tonivå-prinsippet, der rådmannen utgjer nivå 1 og tenesteområdeleiarane nivå 2. I tillegg vil det for dei største tenesteområda vere eit avdelingsleiarnivå under leiar for tenesteområdet. 

Avdelingsleiar kan få eit avgrensa delegert ansvar for personell, drift og økonomi. Det er tenesteområdeleiar som har det fullstendige ansvaret og som rapporterer til rådmannen. Alle tenesteområdeleiarane har såleis ansvar for tenesteområdet m.o.t. utvikling, resultat, økonomi, arbeidsgjevarrolle, service, miljø og deltaking.

Det er i alt 13 tenesteområde i organisasjonsstrukturen:

1.Kultur

Omfattar bibliotek, lokalhistorisk arkiv, frivillige lag og organisasjonar, frivilligsentralen, ålment kulturarbeid, kulturminnevern, kunstformidling, kulturskule, kulturarrangement i kommunal regi, tilskot til trussamfunn og namnsetjing av vegar.

2.Plan, utbygging og  kommunalteknikk

Omfattar plan- og byggesakshandsaming, kart og oppmåling, næringsarbeid med landbruk, vilt- og fiskeforvaltning, handsaming av saker etter fleire særlover, m.a. jord- og konsesjonslovverket og forureiningslova.

Har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur (kommunale bygg, reinhald, infrastruktur for vatn, avløp og renovasjon - VAR), parkanlegg og friareal, kommunale vegar medrekna veglys og kaianlegg. Investering, utbygging og forvaltning av kommunale anlegg og eigedommar. Anleggsdelen av nærmiljø, idrett og friluftsliv, inkl. spelemidlar.

3.Helse

Omfattar legeteneste, legevakt, fysioterapi og ergoterapi, miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helseteneste, tiltak for personar med rusmisbruk, helsestasjon, svangerskapsomsorg.

4.NAV

Kommunale oppgåver lagt til NAV Meland.

5.Meland sjukeheim

Institusjonsbaserte tenester (m/korttids- og langtidsavdeling), demensavdeling Lerketunet, natt-tenesta, dagsenter, transport, kjøkken.

6.Meland heimeteneste

Heimesjukepleie, heimehjelp/praktisk bistand, matombringing, ressurskrevjande tenester/barnebustad. Bustølen burettslag, ordninga med personleg assistent (BPA), støttekontakt, avlastning, omsorgsløn, IP, ansvarsgrupper, dagtilbod, koordinerande eining.

7.Barnevern

Omfattar drift og utvikling av barnevernet i Meland.

8.Marihøna barnehage

Omfattar drift og utvikling av Marihøna barnehage og spesialundervisning barnehage.

9.Meland ungdomsskule

Omfattar drift og utvikling av Meland ungdomsskule, samt vaksenopplæring.

10.Rossland barne og ungdomsskule

Omfattar drift og utvikling av Rossland barne og ungdomsskule inkl. SFO.

11.Vestbygd skule

Omfattar drift og utvikling av Vestbygd skule inkl. SFO.

12.Sagstad skule

Omfattar drift og utvikling av Sagstad skule inkl. SFO.

13.Grasdal skule

Omfattar drift og utvikling av Grasdal skule inkl. SFO.

Stabsorganiseringa:
i organisasjonsstrukturen inngår også 4 stabar:

  1. Adm. stab rådmann
  2. Økonomi
  3. Rådgjevargruppa
  4. PPT

For meir informasjon,- sjå venstremeny.
 

Web levert av CustomPublish