Publikasjonar

Meland kommune har nokre publikasjonar til sals.

Bygdebøkene Gard og ætt i Meland:

  • Det er i år (2014) 10 år sidan gards- og ættesoga «Mellom bakkar og berg» var ferdig. Dette er det mest omfattande lokalhistoriske bokverket som har vorte skrive om det som er Meland kommune i dag. Den er delt i to hovud-delar, ein ættesogedel og ein gardssogedel. Dei eldste personopplysningane er frå 1600-talet og dei yngste går fram til år 2002. Gardssogedelen viser mellom anna korleis folk livberga seg i ein periode der hovudnæringa var jordbruk og ein del fiske. Gards- og ættesoga er geografisk inndelt, fordelt på 3 band, og kostar kr 500,- per bok. Bøkene er til sals i Norli bokhandel i Knarvik senter.

Jubileumsboka Nordhordland 1814-2014:

  • Til sals i bokhandelen Norli i Knarvik senter, i biblioteket på Frekhaug torg og i biblioteket på Rossland skule. Kr,- 200,- pr. bind.

Bøkene:

  • På tur i Meland, kr. 130,-
  • Navarsmeden, kr. 200,-
  • Turkart, kr. 80,-
Web levert av CustomPublish