Politisk organisering

Lokaldemokrati gjev innbyggjarane høve til sjølv å velgje dei lokale leiarane sine og gjennom det, påverke den lokale samfunnsutviklinga meir direkte.

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Meland er 8 politiske parti representert i kommunestyret som har 27 medlemmar. Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året. Sjå også "Reglement for Meland kommunestyre".

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/ gjeve formannskapet fullmakt til å avgjera.

Utval for drift og utvikling og Utval for levekår har 9 medlemmer valde for den kommunale valperioden av kommunestyret. Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområder innafor den kommunale verksemda.

Utval for drift og utvikling er også kommunen sitt planutval.

 

Web levert av CustomPublish