Planprogram Midtmarka og Rotemyra

Planprogram Midtmarka og Rotemyra

Planprogram Midtmarka og Rotemyra

Formannskapet i Meland kommune godkjente i møte 17.06.2015 planprogrammet for Midtmarka og Rotemyra.

Midtmarka og Rotemyra er eit viktig utviklingsområde i kommunen og regionen. Planområdet er stort, det er mange interesser involvert, og planlegginga av utbygginga er omfattande og kompleks. Det er difor laga eit planprogram for arbeidet.

Privat/offentleg planleggingssamarbeid
Kommunestyret har gitt rådmannen fullmakt til å inngå avtale med Vest Land Eiendom AS, som representerer  grunneigarane, om å utarbeida og finansiera planarbeidet. Vest Land Eiendom AS har engasjert Opus Bergen AS til å utarbeide planen i samarbeid med kommunen si planavdeling. Formannskapet er politisk styringsgruppe for arbeidet.

Kommunens ambisjonar for utviklinga av Midtmarka og Rotemyra
Dei overordna utviklingsmåla for reguleringsarbeidet er (frå planprogrammet):

  • Utvikle eit samfunn med gangavstandar til dei daglege behov
  • Leggje til rette for næringsareal i planområdet slik at flest mogleg kan bu og arbeide på same stad
  • Leggje til rette for at delar av strandsona kan nyttast til sjøtilknytta nærings- og aktivitetstilbod, som til dømes hotell
  • Leggje til rette for å utvikla Midtmarka til eit klima- og energieffektivt bustad- og næringsområde
  • Utvikle betre tilgjenge for friluftslivet på Flatøy og Håøyna
  • Utbetre det lokale vegsystemet på Flatøy, leggje betre til rette for fotgjengarar og syklistar og kople det til E39 og eit overordna gang- og sykkelvegnett
  • Utvikle eit område med miljøvennlege løysingar for transport, energi og avfallshandsaming
  • Leggje til rette for ny barnehage, skule og andre offentlege føremål som del av eit nærsenter med eit avgrensa handelstilbod og private tenestetilbod
  • Styrka og vidareutvikla regionsenteret Knarvik, og leggja til rette for ei utvikling av aksen Frekhaug – Flatøy – Knarvik

I tillegg til generelle utgreiingar om korleis ein  gjennom regulering ser for seg å oppnå desse måla skal det lagast eigne planar for medverknad, friluftsliv, teknisk infrastruktur i tillegg til eit kvalitetsprogram for utforming.

Hausten 2015 pågår eit kartleggings- og utviklingsarbeid for området. Fleire arkitektmiljø tek del i arbeidet, gjennom såkalla work-shops. Ungdomsrådet har hatt eit eige møte der deltakarane har kome med innspel  på kva barn og unge meiner er viktige omsyn i planarbeidet. 

Web levert av CustomPublish