Plan

Arealplanar er eit verktøy for å styra kommunen si utvikling i den retninga ein ønskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen. 

 

 

Plan og bygningslova regulerer utforming og prosess for arealplanarbeidet. Lova skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar (§ 1-1). Planlegginga skal vere open og sikre forutsigbarheit og medverknad. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar. Arealplanar er juridisk bindande når dei er vedtekne av kommunestyret.

Ein arealplan består av: 

  • Eit plankart som med standardiserte symbol- og fargebruk synar ulike arealformål.                                
  • Planføresegner som gjev meir detaljerte opplysningar om arealbruk, utforming av bygningar, miljøkrav, parkering osv.                                                           
  • Ei planskildring som opplyser om planens føremål, hovudinnhald og verknad.

Plan og bygningslova omtalar ulike typar arealplanar. Det er to hovudtypar kommunale arealplaner:

  • Arealdel til kommuneplanen og kommunedelplanar
  • Reguleringsplanar

Søk etter arealplan i planregisteret braPLAN

Velg arealplan i Nordhordlandskart

 

 

Web levert av CustomPublish