Ordførar har ordet

- Me er svært takksame !

- Meland kommune er svært takksame over at idretten i Meland får ei slik formidabel gåve av Trond Mohn, seier ordførar Øyvind H  Oddekalv. Det føyer seg inn i rekkja over generøse gåver Mohn har gitt til anlegg i kommunen før, som t.d. Meland Aktiv og Leirdalen. 

31. mars 2017 Les meir om gåva
Prisvinnarane Audun Håland og Ronald Øyen saman med ordførar Øyvind Oddekalv

Utdeling av Kulturrosa for 2016

Prisen "Kulturrosa" er ei utmerking som kommunen har oppretta for å framheva det frivillige arbeidet i kommunen. Årets pris gjekk til Audun Håland og Ronald Øyen og vart delt ut i kommunestyremøte onsdag 14.12.16.

15. desember 2016 Les meir om utdeling av kulturrosa

Meland- ordførar vald til leiar av "førebels fellenemnd"

Meland- ordførar Øyvind Helland Oddekalv (Ap) er utnemnd som leiar i førebuande fellesnemnd på historisk dag for samanslåinga.

21. november 2016 Les meir
Dagleg leiar Tor Iversen og ordførar Øyvind Oddekalv

Ordførar på bedriftsbesøk

Ordførar Øyvind Oddekalv vitjar mange av kommunens føretak for å få kunnskap om næringslivet sin status. 7. september hadde han møte med Seilmaker Iversen AS på Mjåtveitflaten. Dagleg leiar Tor Iversen (bildet) og Magne Iversen gjorde greie for driftssituasjonen og planar framover. 

07. september 2016

8000 innbyggjarar ?

1. juli 2016 var det 7946 innbyggjarar i Meland kommune. Dette er ein auke på 134 personar frå nyttår, og tilsvarar ein årleg vekst på 3,4 %. Om vi har same folketalsvekst i 2. halvår som i 1. halvår, vil vi passere 8000 innbyggarar no i september!
Vi ser fram mot neste folketalsoppdatering frå SSB i oktober og reknar med at vi då kan markere innbyggjar nr. 8000 i Meland kommune.

Øyvind H Oddekalv
ordførar

01. september 2016
Web levert av CustomPublish