Offisiell opning - hurtigladestasjon

Offisiell opning - hurtigladestasjon Foto: Meland kommune ©Foto: Meland kommune

Opning av hurtigladestasjon på Frekhaug

Torsdag 9. februar var det duka for offisiell opning av hurtigladestasjonen for elbilar på Frekhaug. Hurtigladestasjonen har vore i bruk ei stund, men no som overbygg og logoar var på plass var det også på si plass med ei skikkeleg markering. 

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø, Meland ordførar Øyvind Oddekalv og Odd Olaf Askeland i BKK var alle på plass for å klyppe den raude snora og erklære stasjonen for offisielt opna. I tillegg bidrog Senterforeninga på Frekhaug og Gløde med noko godt å bita i og utdeling av refleksar.

BKK driftar og eig hurtigladestasjonen, medan Hordaland fylkeskommune og Meland kommune har stått for mesteparten av finansieringa. 

Web levert av CustomPublish