Du er her: Start»Om kommunen

Fakta om Meland kommune

Meland kommune ligg nordvest i Hordaland fylke og omfattar Holsnøy, Flatøy og nokre mindre øyar mot Herdlefjorden, sjå kart nedst.

Meland er nabokommune til Bergen, med reisetid frå Bergen sentrum til kommunesenteret Frekhaug på under ein halv time. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er såleis det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland.

Meland kommune er i sterk vekst, med eit innbyggjartal på ca 7.500. Busetnaden er spreidd, men mest konsentrert i den sørlege delen, rundt kommunesenteret. Kommunen har eit godt utbygd kultur- og næringsliv der kommunen har arbeidsplassar både innan industri, servicenæring, jordbruk og offentleg tenesteyting/forvaltning, men det er også eit stort innslag av pendlarar, både til Bergen og til nabokommunen Lindås. 

Geografiske fakta:

  • Totalt areal: 90,4km2
  • Halvparten av landarealet er skogdekt.
  • Jordbruksareal: Utgjer 13% av totalarealet
  • Høgste punkt: Eldsfjellet (324 m.o.h.)

  • I Meland finn du vakker natur, med godt høve til friluftsliv, - både på sjø/vatn og land. Her finn du m.a. ei av dei finaste golfbanene i Europa. I kommunen ligg også den største folkehøgskulen i landet.

Web levert av CustomPublish