Ny ordning for redusert foreldrebetaling

Forelder som har låg inntekt. Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. 

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Frå 1.januar 2017 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 500.500 kroner.

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane. Hushald med inntekt lågare enn kr 450.000 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid. 

Slik søkjer du:

  • Bruk det  elektroniske søknadsskjemaet vårt – link til skjema
  • Du må leggje ved sjølvmeldinga di som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registret på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må anna relevant dokumentasjon leggjast ved søknaden, eller sendast  til: Meland kommune boks 79, 5906 Frekhaug.
  • Dersom inntekta di er endra frå førre år, må du leggje ved dokumentasjon som viser dette.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gangen.
  • Du må søkje innan 01.09.2017 for å få moderasjon frå oppstarten av nytt barnehageår. Elles gjeld retten til moderasjon frå og med første heile månad etter søknadstidspunktet.

Du kan lese meir om den nye ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider

 

 

Web levert av CustomPublish