Ny i Meland

Er du ny i Meland ? Velkomen til oss !

Meland ligg nordvest i Hordaland, under ein halv time frå Bergen. "Nordhordlandsbrua" i Meland er det geografiske bindepunktet mellom Nordhordland og Bergen og er med sine 1610 meter den lengste flytebrua i verda utan sideforankring.

Meland er ein av kommunane i Noreg med størst prosentvis vekst, både i folketal og i talet på nye, private arbeidsplassar. Kommunen har i byrjinga av 2015 nær 8000 innbyggjarar. Den korte avtanden til Bergen gjer det naturleg for mange av våre yrkesaktive innbyggjarar å pendle til jobb. Vi arbeider likevel aktivt for å leggje til rette for fleire næringsetablerarar i kommunen, og har som mål å vere ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland også på dette området.

Sjølv om vi er tett på storbyen Bergen, så lever du i Meland nær vakker natur og du har det beste utgangspunktet for høg livskvalitet. Vi har fjord og fjell, skog og innlandsvatn, lune viker og opne sletter; med andre ord natur som innbyr til rekreasjon og ei rekkje friluftsaktivitetar. I tillegg har vi også gode idrettsanlegg og ei europeisk anerkjent golfbane. 

Under har me samla nokre lenker med informasjon til deg som nyleg har flytta til kommunen.

Web levert av CustomPublish