No kan du førehandsrøyste!

Måndag 11. september er det stortings- og sametingsval. Du kan førehandsrøyste frå og med torsdag 10.august til og med fredag 8. september.

Kven har stemmerett ved stortingsvalet?
Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2017 og som er, eller har vore registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg.

Førehandsrøysting
Kommunane avgjer tid og stad for førehandsrøystinga, og informerer om dette. Du finn også ei oversikt her: valglokaler.no Du kan førehandsrøyste i alle kommunane i landet. Du kan berre røyste ein gong. Har du fått valkort, ta det med. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det sparer deg for tid.

Husk å ta med legitimasjon!

For meir informasjon om valet, sjå www.valg.no - ta kontakt med kommunen - tlf. 56 17 10 00.

Klikk her for å lese meir om kvar og kor tid du kan røyste i Meland !

Web levert av CustomPublish