Næringskommunen Meland

Meland er ein av kommunane i Noreg med størst prosentvis vekst, både i folketal og i talet på nye private arbeidsplassar.

Vi arbeider likevel aktivt for å leggje til rette for fleire næringsetableringar i kommunen, har som mål å vere ein av dei mest attraktive kommunane i Hordaland også på dette området.

Eit lønsamt og nyskapande næringsliv er ein føresetnad for vår offentlege og private velstand. Vi vil vera ein pådrivar for at fleire verksemder etablerer seg i Meland, og leggja til rette for at eksisterande bedrifter kan utvikla seg. Innbyggjarane og næringslivet skal bli møtt av ein effektiv kommune, prega av kvalitet i tenestene, god etisk standart og ei positiv haldning.

I Meland er det ei rekkje spanande arbeidsplassar innan både industri, servicenæringar, utdanning, offentleg tenesteyting/forvaltning og jordbruk. Dei største bedriftene er Frank Mohn Flatøy AS og Frank Mohn Piping AS. Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug er den største folkehøgskulen i landet.

Meland er det geografiske og trafikkmessige knutepunktet mellom Bergen og Nordhordland.
Reisetida med bil frå kommunesenteret Frekhaug til Bergen sentrum er om lag 25 minutt. Dersom du nyttar snøggbåten, er reisetida endå mindre.

Kontaktperson: Næringsrådgjevar John Fredrik Wallace, tlf. 56 17 10 00 eller ordførar Øyvind Oddekalv, tlf. 56 17 10 25 

Web levert av CustomPublish