Næringsareal Meland

Næringsareal Meland

Finn ledig næringsareal

Næringsareal i kommunen

Meland kommune har interessante ledige næringsareal for deg som er på jakt etter eit område å etablere din verksemd. Ledige areal og tomter er presentert på Arealguiden.no. Det unike med nettstaden er at du kjem inn i reguleringsplanane for det einskilde området.

Arealguiden.no tek utgangspunkt i eit kart der alle næringsareal er plotta inn, og der du får opp bilete og ein kort beskriving av det einskilde areal, med lenkje direkte inn i gjeldande reguleringsplan for området. Du finn og lenkje til tilbydarane sine nettstader for dei aktuelle areala og tomtene.

Det digitale kartet viser alle areal av ein viss storleik i kommunen. Her finn du både jomfrueleg mark for sal og kontorbygg med areal som kan kjøpast eller leigast. Her er direkte lenkje til areala i kommunen.

Ledige areal

Bergensregionen har for få ferdig regulerte næringsareal der næringslivet ønskjer seg areal, derfor har Business Region Bergen arbeidd med å skape oversikt over ledige areal. Med den nye www.arealguiden.no, har heile regionen fått eit nyttig verktøy for å få ein slik oversikt, seier Vidar Totland i Business Region Bergen, som er sentral i sjølve utviklinga av Arealguiden. Han kjenner ikkje til andre system som på dette viset koplar næringseigedommar med til dømes reguleringsplanane til alle areala, slik dette kartet gjer.

Er det større areal eller kontorbygg i kommunen som til no ikkje er med i guiden, så gje tilbakemelding enten til kommunen eller til Vidar Totland (vidar@brb.no).

Kartet er utarbeidd av Business Region Bergen og Greater Stavanger, og vert oversett til engelsk i løpet av 2015.

 

 

Web levert av CustomPublish