Meland ungdomsskule

Meland ungdomsskule ligg på Frekhaug, og har besøksadresse Havnevegen 51. Epostadresse: post.melandung.skule@meland.kommune.no

Ungdomsskulen har to parallellar på kvart trinn, til saman 167 elevar. Elevane som ”soknar til” Meland ungdomsskule, kjem frå Sagstad og Grasdal skule,tidlegare også Flatøy skule.

Det er for tida 32 tilsette ved skulen.

Skulen er ein Zero-skule,- dvs vi har saman med dei fleste andre skulane i  Meland teke del i anti-mobbeprogrammet Zero, og har null toleranse for mobbing. Alle elevane skal kjenna seg trygge på skulen – og på skulevegen. Viser i den samanheng til Handlingsplan mot mobbing som du finn under "dokumenter" på framsida.

I denne planen er mykje av det førebyggande arbeidet knytt opp mot eit godt samarbeid med FAU.Det er svært verdfullt å ha så mange positive tiltak i skule-heim-samarbeid. I ei tid då mykje av mobbinga foregår via ulike sosiale media – på fritida – er dette samarbeidet særleg viktig!

Saman med alle dei andre skulane i Meland er vi med i prosjektet ”Betre læringsmiljø”. 

Her er det spesielt 4 fokusområde:

  • Klasseleiing
  • Reglar og konsekvensar
  • Relasjonar
  • Læringstrykk

Skulen har ei medviten satsing på høg fagleg kompetanse for dei som underviser i dei ulike fag. Det er gledeleg å kunna registrera svært gode resultat for elevane, både ved nasjonale prøver, eksamensresultat, grunnskulepoeng og i Elevundersøkelsen.  Eit godt læringsmiljø er grunnleggjande viktig for gode faglege resultat.

I samband med ”Betre læringsmiljø” har vi dette skuleåret også slutta oss til Trivselsprogrammet TL. Her er elevane sjølve Trivselsleiarar (TL),- og prøver å få alle elevane aktivisert i storefri. Dette er eit svært positivt miljø –og antimobbing-tiltak!Sjå lenka "Trivselsleder.no" på framsida.

Knut Herland er TL-lærar ved skulen vår.

Meland kommune har som visjon: ”Eit samfunn for alle”.

Meland ungdomsskule vil vera ”Ein god skule for alle”!

 

Web levert av CustomPublish