Bilder av Meland sjukeheim

Bilder av Meland sjukeheim Foto: Meland kommune og Solrun T Albrechtsen ©Foto: Meland kommune og Solrun T Albrechtsen

Meland sjukeheim

Vår visjon: Omsorg med livsglede og kompetanse

Våre verdiar: Respekt - Tillit - Livsglede

Vi har fire avdelingar:

Norgardstunet  - langtidsavdeling med teneste til 18 bebuarar/ pasientar.
Havnevegen 14, tlf: 94 53 23 79

Lerketunet - avdeling for 12 bebuarar/ pasientar som lever med demens sjukdom.
Havnevegen 12, tlf: 94 53 23 72

Solkroken - korttids- og rehabiliteringsavdeling til 9 pasientar.
Havnevegen 14, tlf: 94 50 72 48

Dagsenter - dagavdeling for heimebuande personar og pasientar/ bebuarar ved sjukeheimen.
Havnevegen 14, tlf: 56171258

I tillegg har vi:

Kjøkken – med levering av mat til sjukeheimen, dagsenteret og varm middag til heimebuande personar med innvilga heimeteneste.
Havnevegen 14, tlf: 56171223

Sjukeheimetilbodet er lovregulert og inneheld:

  • Naudsynt hjelp til personleg hygiene
  • Måltider
  • Medisinar/ medisinsk forbruksmateriell
  • Legetilsyn
  • Tannpleiehelseteneste
  • Fotpleie
  • Ergo- og fysioterapiteneste
  • Sosiale aktivitetar

Alle kan søkje sjukeheimsplass uansett alder. Ein føresetnad for å få plass er at det ikkje er mogleg å gje hensiktsmessige tenester i eigen heim. Det vert fatta vedtak i Inntaksnemnda som normalt har møte ein gong pr veke. Til vanleg kan svar på søknad ventast innan 1-2 veker (avhengig av når søknaden er motteke).

For å få langtidsplass må behovet for medisinsk behandling og/ eller sjukepleie må vere av så omfattande karakter at det er behov for heildøgns pleie og omsorg i institusjon.

Andre aktuelle hjelpetiltak skal vere vurdert før langtidsplass i sjukeheim vert innvilga, som f.eks:

  • Tilrettelegging av hjelp i heimen, f.eks heimeteneste

  • Tilpassing av bustad, ev. skal butilbod vere vurdert i høve til søkjar si fysiske, psykiske og sosial situasjon. Jfr. også kommunen sitt tilbod om tilpassa omsorgsbustader med auka omfang av heimetenester.

  • Korttids- og vekselsopphald i sjukeheim der søkjar må over tid kunne veksle mellom å bu heime og på sjukeheim. Det må vere klare mål for vekselsopphald. Opphaldet er avgrensa og skal gje forutsigbarhet for søkjar og pårørande. Søkjar må ha behov for jamnlege og forutsigbare sjukeheimsopphald for å meistre kvardagen. Søkjar skal kunne bli buande heime lenger, ved innvilga slik teneste

  • Familiesituasjon og nettverk skal vere kartlagt

  • Sosiale støttetiltak, f.eks dagsenter. Dagsenteret har ope kvar dag, mandag til fredag

  • Trygghetsskapande tiltak, f.eks trygghetsalarm. Brukaren ber alarmen på seg for å kunne tilkalle hjelp i akutte situasjonar.

For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar eller kontaktpersonen på den enkelte avdeling.

Ein gjer merksam på ein ønskjer at ein nyttar kommunen sitt søknadsskjema ved behov for tenester og sender det til adresse: Meland kommune, pleie- og omsorg, postboks 79, 5906 Frekhaug.

Web levert av CustomPublish