Meland kulturskule

Kulturskulen i Meland v/ fungerande rektor Kamilla Strømsbo Dale inviterer barn og unge i Meland til opplæring i musikk, teater, dans og visuelle kunstfag.

Kulturskulen vil vere ein stad der barn og unge kan lære, kjenne seg som ein del av ein positiv fellesskap, bli kjend med eigne skapande krefter og få kunnskap formidla gjennom møte med pedagogar og kunstnarar. Kulturskulen har store delar av undervisninga i Meland Aktiv på Langeland på Frekhaug, men og på grunnskulane i kommunen.

Eigendel for ein elevplass i Meland kulturskule er 1750,- kr i semesteret (3500,- kr i året). Ein får 25 % søskenrabatt for barn nr. 2 og 50% på barn nr. 3 og 4 osb. Alle elevar betalar og for undervisningsmateriell som notar, kostyme og kunstmateriell.

Meland kulturskule føl skuleruta og har søknadsfrist 1. mai og 1. november. Den generelle aldersgrensa er 1. klasse - 19 år, men dei ulike musikkdisiplinane har eigne aldersgrenser i me har dansetilbod frå 3 år. Kulturskulen har ikkje lange ventelister, og på gruppetilbod som teater, visuell kunst (teikning, maling og arbeid med skulptur), dans og kultursirkel pleier me få plass til alle.

Meland kulturskule nyttar administrasjonsprogrammet "speedadmin.dk" og all informasjon til kulturskuleheimane vert sendt på e-post via dette programmet.

Ta gjerne kontakt om du treng meir informasjon eller treng hjelp til å bruke speedadmin.dk.

Velkomen til Meland kulturskule! Følg oss på Facebook her

Meland kulturskule
Meland kulturskule
Web levert av CustomPublish