Haustgrein

Meland heimeteneste

Heimetenesta er bygd opp for å gje brukar naudsynt hjelp i heimen slik at brukar kan bu i eigen heim så lenge den einskilde ynskjer det, og det er fagleg forsvarleg.

Hjelpa kan vere langvarig eller for ein periode inntil ein kan klare å ivareta eigenomsorg. Heimetenesta i Meland er organisert i ei felles teneste men delt i to soner, sone Nord og sone Sør. Fagpersonar i den enkelte sona vil saman med deg avklare kva du må ha hjelp til. Dette vil i dei fleste tilfelle skje ved eit heimebesøk.

Sentrale tenester:

  • heimesjukepleie, kreftsjukepleie, praktisk bistand eller heimehjelp, avlasting, telefonalarm, fritidskontakt (støttekontakt) og brukarstyrt personleg assistent

Det er utarbeidd eit felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenestene og ein ønskjer i hovudsak at ein nyttar dette ved søknad om teneste. Meland kommune har eit mål om at eldre brukarar skal få bu heime så lenge som mogeleg ved å nytte heimehjelp og/eller heimesjukepleie.

Andre tenester:

 

Web levert av CustomPublish