Meland bibliotek

Meland bibliotek har to avdelingar:

  • Hovudbiblioteket ligg i Frekhaug  senter
  • Rossland filial ligg på Rossland skule

Opningstider
Sjå heimesida vår, MittNordhordland/meland 

Meir-ope bibliotek
Biblioteket er meirope. Det betyr at du kan få tilgang til biblioteket heile dagen, sjølv om personalet ikkje er til stades. Kontakt biblioteket for å teikne avtale.

Mikrobibliotek på Frekhaug kai
Lån med deg ei bok frå  mikrobiblioteket i venterommet på Frekhaug kai.  
Tilbodet er i første rekke meint til dei som pendlar med hurtigbåten, men er sjølvsagt ope for alle. Finn den boka du vil ha, når du er ferdig set du boka tilbake og tar ei ny! Det er lov å byte viss du har ei anna bok, som kanskje nokon andre kan ha glede av.

Om Strilabiblioteket
Vi samarbeider med Lindås bibliotek og har ulik profil på biblioteka i Knarvik og på Frekhaug.

  • Biblioteket på Frekhaug skal vere eit bibliotek for kultur og oppleving. Her finn du mest romanar og forteljingar.
  • Biblioteket i Knarvik skal vere eit bibliotek for kunnskap og oppdaging. Her finn du fleire bøker om fag, fakta og hobby.

Det er transport mellom biblioteka fleire gonger i veka.

Kva skjer på biblioteket?
Biblioteket har ein del «faste» arrangement som, til dømes bok- og strikkekafé, eventyrstund og språkkafé. I tillegg har biblioteket  foredrag, bokslepp, forfattarmøte og samtalar.

Kva kan du gjere hos oss?
Låne bøker, tidsskrift, lydbøker og film, sjølvsagt!
Du kan i tillegg:

  • Låne datamaskin
  • Skrive ut, skanne og kopiere dokument
  • Kople deg til gratis wifi
  • Lese på biblioteket, mellom anna eit utval aviser

Meir informasjon på heimesida vår!

Søk i biblioteket sin katalog, les meir om tilboda våre, boktips, aktuelle artiklar og arrangement på heimesida vår.
Viss du loggar deg inn med lånekortnummer og pin-kode, får du oversikt over låna dine, du kan fornye låna dine, du kan reservere bøker og du kan oppdatere personlege opplysningar. Sjå MittNordhordland.no/meland 
 

Web levert av CustomPublish