Marihøna barnehage

Marihøna barnehage

Marihøna barnehage

Marihøna barnehage er ein to-avdelings barnehage eigd av Meland kommune. Vi har opningstid måndag til fredag frå kl. 07.00-17.00 og er å finna sentralt på Frekhaug, rett nedanfor rådhuset.

Vi tek imot barn frå 0-6 år, der dei yngste (0-3 år) går på gul avdeling og dei eldste (3-6 år) går på raud avdeling. Gruppesamansetninga kan variere noke frå år til år.

Vi som jobbar i Marihøna barnehage ynskjer å gje barna ein trygg oppvekst med fokus på omsorg, danning, leik og læring. Vi jobbar bevisst med barns rettar, sett ut frå FN sin Barnekonvensjon. Marihøna barnehage har eit inkluderande miljø, der vennskap, likeverd og respekt vektas høgt. Vi kan tilby ein barnehagekvardag rik på gode opplevingar, turar og samspel.

Personalet i Marihøna barnehage består av engasjerte og omsorgsfulle vaksne, som gjer seg god tid i samspel med barna. Vi lyttar og justerer oss, slik at alle barn blir møtt med omsorg og varme. Samspelsmetoden ICDP er vår grunnleggande plattform og utgangspunkt for vårt pedagogiske arbeid.

I barnehageåret 2016/2017 har vi valt å arbeide spesielt med fagområda; Kommunikasjon, språk og tekst og Natur, miljø og teknikk. Som et ledd i Meland kommunes realfagssatsning jobber vi også aktivt med utviklingsarbeid innafor «Realfag i barnehagen».  Målet er å auke personalets kompetanse innafor arbeid med matematikk og naturfag.

I Marihøna barnehage gjer vi barna eit mangfaldig barnehagetilbod av høg kvalitet. Vi skal sjå det enkelte barn sin verdi og skape gode fellesskap der barna blir sett og bekrefta. Vi jobber etter visjonen MARIHØNA BARNEHAGE – MED DITT BARN I FOKUS, med utgangspunkt i kjerneverdiane;

Skjermbilde_MB.JPG

 

Web levert av CustomPublish