Kunngjering av vedteken reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Meland kommunestyre 14.06.2017, som sak 77/2017, vedtatt følgjande reguleringsplan:  Endring områderegulering Frekhaug sentrum.

Forslaget  til reguleringsendring legg til rette for at regulert byggjehøgde kan aukast for senterområda S9 og S10 i gjeldande reguleringsplan for Frekhaug senter. Vidare er det føreslått å setje krav til parkeringsanalyse ved ny utbygging innafor senterområda S7, S9  og S10, som dokumenterer at parkeringsdekning er ivaretatt for dei tre senterområda. 

Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt ut i resepsjonen på rådhuset, på kommunen si heimeside (under høyringar og offentleg ettersyn) og i digitalt planarkiv (braPLAN).

Sjå dokument i saka:

Planvedtak
Endra føresegner
Endra plankart

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:
Meland kommune, Plan, utbygging og kommunalteknikk, postboks 79, 5906 Frekhaug, eller som e- post til postmottak@meland.kommune.no

Klagefrist er sett til 18.07.2017

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Web levert av CustomPublish