Kunngjering av vedteken reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Meland kommunestyre 14.06.2017, som sak 78/2017, vedtatt følgjande reguleringsplan: Reguleringsplan for Øvre Holsbergstien.

Planområdet er på om lag 45 daa og omfattar eit område søraust for utbygd bustadområde i Holmemarka. Planforslaget legg til rette for om lag 60 bustadeiningar i form av rekkehus og leilegheitsbygg.

Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt ut i resepsjonen på rådhuset, på kommunen si heimeside (under høyringar og offentleg ettersyn) og i digitalt planarkiv (braPLAN).

Sjå dokument i saka:

Planføresegner
Plankart
Planomtale
Planvedtak

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:
Meland kommune, Plan, utbygging og kommunalteknikk, postboks 79, 5906 Frekhaug, eller som e- post til postmottak@meland.kommune.no

Klagefrist er sett til 18.07.2017

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Web levert av CustomPublish