Kunngjering av vedteken reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Meland kommunestyre 10.05.2017, som sak 53/2017, vedtatt følgjande reguleringsplan: Reguleringsendring Holme forretningsområde.

Føremålet med planen er tilrettelegging og utvikling av Holme forretningsområde.  I tillegg til sjølve forretningsområdet på Holme, omfattar planforslaget òg del av Melandsvegen (Fv 247) og Rosslandsvegen (Fv 564). Krysset Melandsvegen/Rosslandsvegen vert flytta litt austover, og det vert lagt til rette for fotgjengarundergang under Rosslandsvegen.

Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt ut i resepsjonen på rådhuset, på kommunen si heimeside (under høyringar og offentleg ettersyn) og i digitalt planarkiv (braPLAN).

Sjå dokument i saka:

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til: Meland kommune, Plan, utbygging og kommunalteknikk, postboks 79, 5906 Frekhaug, eller som e- post til postmottak@meland.kommune.no

Klagefrist er sett til 18.07.2017

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Web levert av CustomPublish