Kunngjering av vedtatt reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Meland kommunestyre 13.12.2017, som sak 131/2017, vedtatt følgjande reguleringsplan: Reguleringsplan for Mjåtveitstø

Planområdet er på 18,4 daa og omfattar eit område vest for utbygd bustadområde i Mjåtveitmarka. Planforslaget legg til rette for oppføring av 1 seksmannsbustad, 1 firmannsbustad og 2 tremannsbustader i rekkje. Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt ut i resepsjonen på rådhuset, på kommunen si heimeside (under høyringar og offentleg ettersyn) og i digitalt planarkiv (braPLAN).

Her finn du relevante dokument:

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:
Meland kommune, Plan, utbygging og kommunalteknikk, postboks 79, 5906 Frekhaug,
eller som e- post til postmottak@meland.kommune.no

Klagefrist er sett til 19.01.2018

 Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Web levert av CustomPublish