Kunngjering av vedtatt reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 har Meland kommunestyre 08.11.2017, som sak 106/2017, vedtatt følgjande reguleringsplan: Reguleringsendring Fossemyra idrettsanlegg.

Føremålet med planen er å leggje til rette for etablering av fotballhall, samt å flytte eksisterande 11ar-bane mot parkeringsplassen i sør. Ein mindre garasje i tilknyting til anlegget må rivast for å realisere hallen.

Planvedtak og godkjent reguleringsplan er lagt ut i resepsjonen på rådhuset, på kommunen si heimeside, og i digitalt planarkiv (braPLAN).

Her finn du relevante dokument:


Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. Forvaltningslova § 28.

Eventuell klage må vere skriftleg og skal sendast til:
Meland kommune, Plan, utbygging og kommunalteknikk, postboks 79, 5906 Frekhaug, eller som e- post til postmottak@meland.kommune.no
Klagefrist er sett til 05.12.2017

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15- 3, og krav om innløysing etter § 15- 2, må vere sett fram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Web levert av CustomPublish