Kreftsjukepleie i Meland

Meland kommune fekk  01.01.2010 oppretta ei 30% stilling som kreftsjukepleiar. Dette er eit lågterskel tilbod, utan henvisning frå andre instansar. Merethe Meland som har denne stillinga har kontortid kvar tysdag og annakvar måndag, men kan nåast på telefon alle kvardagar. Ein kan også inngå avtale om heimebesøk på andre dagar.

 

Kreftsjukepleiar kan tilby:

  • Faglig råd og veiledning
  • Å hjelpe deg å oppretthalde kontakten mellom deg og hjelpeapparatet
  • Tid til å lytte. I ei tid, som for mange kan vera vanskelig, kan det vera godt å ha nokon å søka råd hjå, eller kanskje berre kunne snakke med
  • Praktiske prosedyrar

Kreftsjukepleiar samarbeider med:

  • Kreftkoordinator i Nordhordland
  • Fastlege
  • Heimetenesta i Meland
  • Andre kommunale instansar ved behov, t.d fysioterapeut, ergoterapeut, psykiatrisk sjukepleiar, prest og helsesøster.
  • Sunniva senter for lindrande behandling
  • Kompetansesenter for lindrande behandling i helseregion Vest
  • Haraldsplass Diakonale sjukehus
  • Haukeland Universitetssjukehus

Meland kommune er med i nettverk for kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Bergen. Sjå også informasjonsbrosjyren til kreftkoordinator i Nordhordland

Web levert av CustomPublish