Korttidsavdelinga "Solkroken"

Korttidsavdelinga

Korttidsopphald - "Solkroken"

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim eller bustad med heildøgns omsorgstenester for personar som har behov for rehabilitering, habilitering og utgreiing.

Korleis søke om plass?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg, eksempelvis ein nabo. Men du må då gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Søknadsskjema finn du under bokstaven H under "Sjølvbetjening/ Skjemaoversikt" og i høgremeny "Relatert informasjon".

Kartlegging av behov 

Før saka kan avgjerast, vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har, gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. Inntaksnemnda har møte kvar tirsdag.

Klageadgang

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.

I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør skildre kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har handsama saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Ansvarleg for tildeling av sjukeheimsplassar er Inntaksnemnda v/ leiar.

Søknad sendast til:
Meland kommune, v/ Inntaksnemnda, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

 

Stova i "Solkroken"
Stova i
Spisebordet på "Solkroken"
Spisebordet på
Web levert av CustomPublish