Koordinerande eining

Koordinerande eining i Meland kommune er organisatorisk lagt til tenesteområde heimetenesta. Eininga samordnar representantar frå ulike tenesteområde som har oppgåver knytt til koordinering og individuell plan. 

Målsettinga er at pasientar og brukarar kan møte eit samordna og forutsigbart tenesteapparat der det er etablert rutiner, avtaler, nettverk og møteplasser for samhandling, informasjonsutveksling og koordinering.

Du som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få koordinator og/eller utarbeida ein individuell plan om du ønskjer det. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Meland kommune nyttar det elektroniske verktøyet VismaSampro for Individuell plan.

Du kan melde behov for Individuell plan/koordinator ved å sende ein skriftleg førespurnad på skjema, sjå høgremeny: Melding om behov for individuell plan/koordinator skjema.

Koordinerande eining vil både vurdere førespurnaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemna koordinator.

Er du i kontakt med kommunalt tilsette innan oppvekst, helse, omsorg eller sosiale tenester, skal dei kunne rettleia deg vidare.

Web levert av CustomPublish