Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommunen si verksemd.

Kontrollutvalet er omfatta av Kommunelova § 77 ​ og og Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar. 

Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Kontrollutvalet kan også gjennomføre eigne undersøkingar.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan dermed ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta. Tips eller varsling kan sendast i post eller på e-post til sekretariatet.

Nordhordland Utviklingsselskap IKS har sekretariatsfunksjon for kontrollutvala i kommunane i Nordhordland. 

Medlemmar i Kontrollutvalet for perioden 2015-2019 finn du her.

Årsmelding for Kontrollutvalet i Meland 2016 finn du her

Klikk her for å opne møteplanen til Kontrollutvalet i eige vindauga.

 

Web levert av CustomPublish