Konsultasjonsteam - vald og overgrep barn/ unge

Konsultasjonsteamet kan kontaktast når ein er uroa, eller har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller anna mishandling mot barn. Teamet gjev og råd og rettleiing når barn forgrip seg seksuelt mot andre barn

Teamet har faste møter 1 gong pr. månad. (Sjå møteplan) Saker ein ønskjer å ta opp må meldast til barnevernet ved Kjell Ølnes pr. telefon eller skriftleg. Rådsøkjar møter sjølv i teamet og legg fram saka.

Alle saker vert drøfta anonymt.

Konsultasjonsteamet tek ikkje saksansvar, men gjev råd om framgangsmåte.

Kven kan vende seg til teamet ?

Konsultasjonsteamet tilbyr fagleg bistand i form av råd og rettleiing til alle som gjennom yrket sitt eller på anna måte kjem i kontakt med barn/ unge.

Privatpersonar eller andre som har mistanke om at barn vert utsett for vald eller seksuelle overgrep vert rådd til å ta kontakt.

Desse er med i teamet:

  • 1) Helene Skjerven, Barneverntenesta i Austrheim kommune
  • 2) Leila Andvik, Barneverntenesta i Radøy
  • 3) Magne Furevik, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Nordhordland
  • 4) Ranveig Olsen, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Nordhordland
  • 6) Siv Mjeldstad, Helsesøster Meland kommune
  • 7) Kjell Ølnes, Barneverntenesta Meland kommune og koordinator for teamet

Korleis ta kontakt ?

Dersom du ønskjer å ta opp sak kan du ta kontakt på e- post til: kjell.olnes@meland.kommune.no

eller på tlf.: 56 17 11 45/ 928 46 948. Sjå også vår brosjyre.

Web levert av CustomPublish